
Vi i Ål prestegjeld har gleda å vere sendekyrkjelydar for Margunn og Kristoffer Krohn Sævre. Dei vart innvigde til misjonærteneste i Tanzania i Ål kyrkje 6. juni 2010.
Vi ynskjer å hjelpe våre kristne sysken i Tanzania med å vekse i ei sunn kristen tru og å nå sine eigne med evangeliet om Jesus. Riziki er eit godt reiskap i dette.
Riziki inneheld andaktsstoff, artiklar om ulike tema og faste spalter om heim, familie og helse. Bladet blei tatt opp att hausten 2009. Planen for 2011 er at det skal kome 4 utgåver. Vi arbeider med å bygge opp redaksjonen og å finne gode vegar for distribuering, fortel Margunn og Kristoffer.
Kva kan DU gjere?
- Det aller viktigaste er å hugse på Margunn og Kristoffer og lille Neema og arbeidet deira i bøn.
- Du kan oppmuntre dei i tenesta ved å skrive til dei. Adr: Scripture Mission, Box 2696 Arusha, Tanzania. E-post: kristofferpost@gmail.com
- At dei kan stå i teneste i Tanzania, er avhengig av økonomisk ryggdekning. Du kan gi offer i kyrkja til arbeidet deira, eller pr. bank konto nr. 2320.15.52893. Mange har erfart at fast trekk kvar månad, er ei god hjelp i ei bevisst givarteneste.
Følg prosjektet og Margunn og Kristoffer:
- På Scripture-Mission's hjemmesider.
- På Facebook.
- På blogg.